Tala i rekneskapa til Island Offshore var tilbake på pluss-sida  etter 2. kvartal. Island Offshore som held til i Ulsteinvik, leverte eit resultat før skatt på 48 millionar kroner av inntekter på 495 millionar.

Samstundes har reiarlaget teke nye skritt for å få på plass ein ny redningsplanke for å handtere gjelda.

Svakare enn i 2016

Resultata er ei betring samanlikna med førre periode som enda med minus 37 millionar før skatt. Men med fleire store brønnintervensjonsskip i arbeid utover våren, er det naturleg med høgare inntekter i 2. kvartal.

Både inntekter og overskott er etter første halvår lågare enn i same periode i fjor. 2016-resultatet enda med eit underskott før skatt på meir enn 1 milliard kroner etter store nedskrivingar.

(saka held fram under)

Reiarlaget har letta gjelda med kring 1,2 milliardar kroner etter at tre skip er selde i løpet første halvår, og renteberande gjeld var ved utgangen av juni på dryge 5,7 milliardar.

Samstundes er kontantstraumen i selskapet negativt første halvår. For resten av 2017 reknar reiarlaget med at berre halvparten av skipa vil vere i fast jobb.

Framlegg til kriseløysing

Det kriseramma reiarlaget er framleis i forhandlingar med kreditorar for å få på plass ei meir langsiktig finansiering for selskapet. Island fekk i fjor vår på plass ein avtale for utsett betaling på gjelda til juni 2017.

Sommaren har gått utan at det har kome nyheiter om ei løysing, men torsdag blei det kjent at den amerikanske samarbeidspartneren Edison Choust har sagt ja til å gå inn med ny kapital.

(saka held fram under)

Selskapet opplyser at dei allereie har ein prinsipiell einigheit med dei viktigaste kreditorane. I kvartalsrapporten blir det opplyst at kreditorane har fått lagt fram ein heilskapleg plan som framleis blir vurdert av rådgjevarane deira. Den strekk seg fram til desember 2020.

Trass i at dei ikkje ser snarleg utsikt til betydeleg betring for oljeservicebransjen, er selskapet framleis trygge på at dei vil klare å få på plass ein avtale.

Les heile kvartalsrapporten på selskapet sine heimesider (ekstern lenke)