Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Fagopplæringssjef Bjørnar Loe håpar at fleire bedrifter kjem på bana, slik at fleire får eit slikt tilbod.

– Søkartalet til læreplass har vore stigande dei siste åra. I år har vi 1281 søkarar, i fjor var det 1210 og i 2015 var søkartalet 1183. Til no er 851 søkarar formidla, 86 fleire enn på same tid som i fjor. Auken frå 2015 er enda større, heile 143 plassar. Formidlinga for 2017 blir ikkje avslutta før 1.november, og då vil vi få dei endelege tala, seier Loe.

Mellom dei 80 ungdomane som står utan tilbod er det særleg søkarar til tømrarfag, elektrikarfag og barne- og ungdomsfag/helsearbeidar. Eit tredje år på skule, kan vere eit alternativ for fleire av desse.

Fagopplæringssjef Bjørnar Loe i Møre og Romsdal fylkeskommune Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune