Den splitter nye brønnbåten som fredag er klar til å segle frå Myklebust-verftet i Sande, blir døpt i Bergen sentrum laurdag. Fartøyet Ronia Diamond er siste tilskott i flåten til reiarlaget og systerskipet til Ronja Ocean som blei levert frå verftet i mars.

I samband med dåpen vil reiarlaget med hovudkontor i Ålesund, overrekkje éin million kroner til Kreftforeninga. Marknadssjef Robin Halsebakk i Sølvtrans sykla i sommar Norge på langs og samla inn pengar til kreftsaka. Undervegs besøkte han mellom anna verftet i Sande og sjømatbedrifter langs kysten.

Robin (26) fra Ålesund sykler Norge på langs (for abonnentar)

Den 80 meter lange brønnbåten er av eit Rolls Royce-design av typen NVC 387. Den har brønnkapasitet på heile 3200 m3, og kan frakte om lag 500 tonn – tilsvarande rundt 150.000 levande fisk. I tillegg er båten rigga for ferskvassbehandling for fjerning av lus, opplyser Kleven-konsernet i ei pressemelding.

(saka held fram under)

Rekordår

Sølvtrans-reiarlaget fekk eit nytt økonomisk rekordår i fjor. Av ein omsetnad på 643 millionar, viser rekneskapen eit resultat før skatt på 192 millionar.

Reiarlaget som framleis er leia av gründer Roger Halsebakk, fekk for eit par år sidan det amerikanske fondet Silver Holdings inn som majoritetseigar. Etter eigarskiftet er dette også det formelle namnet på konsernetselskapet i Brønnøysundregistra, men reiarlaget heiter framleis Sølvtrans.