Over 100 arbeidarar mista jobben etter tapskontraktar med Kleven

Ulstein-bedrift med 116 polske arbeidarar gjekk konkurs etter tap på Kleven-kontraktar. Ein månad etter verftet slutta å betale, melde underleverandøren oppbod.

Konkurs Leverandøren gjekk konkurs i sommar etter at innteninga hadde blitt stadig dårlegare i takt med utfordringane i den maritime industrien. Kleven er mellom dei som har hatt tøffe tak økonomisk, trass i ei velfylt ordrebok. Skipsbyggjarkonsernet fekk nyleg inn frisk kapital frå investorar utanfrå.  

Næringsliv

Selskapet utførte arbeid med isolasjon- og ventilasjonsløysingar – i all hovudsak for Kleven- og Myklebust-verfta. I den førebelse rapporten til Sunnmøre tingrett frå bustyrar Linda Brevik går det fram at dei økonomiske vanskane til Kleven-konsernet skapte ringverknader hos underleverandøren.