Herøy-selskapet Marin Teknikk kunne torsdag for første gong vise fram korleis deira siste prosjekt blir sjåande ut.

– Dette er heilt fantastisk, seier ein oppglødd salsdirektør Richard Gjerde i Marin Teknikk til smp.no då testen er over.

Skipsdesignarane frå Sunnmøre har teikna det som ligg an til å bli det første sjølvstyrte skipet i verda - iallfall i kommersiell drift.  Skipet som etter planen skal driftas autonomt frå 2020, vil få namnet «Yara Birkeland» etter fysikaren Kristian Birkeland.

(saka held fram under)

Marin Teknikk er i gjevt selskap i arbeidet med skipet som blir omtala som ein revolusjon til sjøs - og blei kalla «Havets Tesla» då

Washington Post

nyleg skreiv om prosjektet. Kongsberg Gruppen utviklar teknologien, SINTEF Ocean står for testing medan DNV GL gjer sertifisering.

Konteinerskipet vil ha elektrisk framdrift og skal gå mellom Yara-fabrikken på Herøya i Porsgrunn og utskipingshamnene i Breivik og Larvik. Det vil erstatte kring 120 trailerar som no køyrer strekninga dagleg.

133 mill. frå Enova

Yara lagar mineralgjødsel  ved Herøya industripark og på sikt skal heile prosessen med fortøying, lasting og lossing gjerast elektrisk. Først då reknar ein med at flyttinga av godset frå veg til sjø er lønnsam.

Torsdag blei det også klart at Enova støttar prosjektet med 133 millionar kroner.

– Om dei lukkast, betyr dette ei ny tid for godstransport til sjøs, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding.

Løysingane på sjø og land vil kutte utslepp tilsvarande 750 tonn CO2 i årleg og kreve langt mindre energi.