Ei god og ei dårleg nyheit for ferjetrafikantane:

Her kjem det tre ferjer med avgang kvart 20. minutt

Statens vegvesen har lyst ut anbod for riksvegsambanda Festøy-Solavågen og Volda-Folkestad.

Ferja «Hjørundfjord» på Storfjorden ved Festøya.  Foto: Knut Arne Aarset

Næringsliv

Kontraktane startar i 2020 og varar i utgangspunktet i ti år.

Ifølgje krava frå vegvesenet skal det i hovudsak vere såkalla nullutsleppsferjer, noko som i praksis betyr nye ferjer.

Dei tre ferjene på Festøy-Solavågen skal ta minst 120 bilar og to av desse skal vere nullutsleppsferjer, medan den siste skal ha låge utslepp. Ferjene skal gå kvar 20. minutt.

Det betyr ei betrakteleg forbetring frå dagens tilbod med ei ferje kvar halvtime.

– Det er eit ønskje om å ha tjueminutters-frekvens på alle riksveger, og ein trur at auken i trafikken vil vere såpass stor at det vil vere behov for tre ferjer i 2020, seier rådgjevar Siri Rennestraum Raknes til smp.no. 

På Volda-Folkestad skal det vere ei ferje med plass til 80 bilar som også blir omtala som nullutsleppsferje. Ferjene her skal gå kvar 40. minutt, noko som betyr eit dårlegare tilbod enn i dag.

Begge sambanda skal ha autopass-system for betaling, og vegvesenet ønskjer eit felles reservefartøy med plass til 70 bilar. Fristen for å levere anbod er sett til 15. januar.


Ny Sulesund ferjekai bygges nå:

Slik påvirker anleggsarbeidet deg som trafikant

Statens vegvesen startet denne uka arbeidet med å utbedre og utvide ferjekaia på Sulesund. Om ett år skal den være klar for de nye elektriske ferjene.

 

Ferjestatistikk:

Her står flest bilar att

Rute 15 Eidsdal - Linge er det ferjesambandet i Møre og Romsdal der flest bilar står attende når ferja forlet kaia.