– Her får vi betalt for langvarig innsats og tru på vårt eige konsept og produkt, seier administrerande direktør Kristian Sætre ved Ulstien verft.

I ei heil veke har han sitte tungt på nyhendet om kontrakten som tek verftet fleire sjømilsteg vidare. Han var personleg av garde og skreiv kontrakt for det første cruiseskipet nokon gong i verda med x-bow. Eller, baugforma som ein kraftig sideslipt øksekjeft. Konstruksjonen er altså verftet sin kjende og velprøvde – på eit femtitals oljerelaterte skip.

Den tøffaste skipsturismen

No gjer også turismen sitt inntog. Og ikkje kva som helst slag turisme heller.

– Nei, dette er skip i den aller tøffaste klassen. Som skal tole dei tøffaste påkjenningane i verdas aller mest barske farvatn, konstaterer Kristian Sætre. Han har hatt vanskar med å halde på kontraktsløyndomen denne siste veka.

– Nokre av dei næraste rundt meg har jo sjølvsagt visst. Men det var svært godt å endeleg kunne tinge kake og feire denne banebrytande tinginga saman med alle dei tilsette, seier Sætre.

John Hatløy, tillitsvald mellom arbeidsleiarane ved verftet, var av dei som sterkast uttrykte gleda si tysdag ettermiddag.

– Verftet og dei tilsette har vore gjennom langvarig tøffe tider. No kjenner eg at vi endeleg kan senke skuldrene og gå inn mot julestria med den beste kjensla ein skipsbyggjar kan ha!

– Og då ikkje berre kortsiktig, dette er ein kontrakt som sikrar at også vi som har passert femti kan sleppe å sjå oss so tett over skuldrene - med tanke på arbeid dei næraste åra.

– Ikkje minste tenkjer eg på den lokale rekrutteringa til dette yrket, også dette vil kunne ta seg raskt opp no, håper Hatløy. Han har vore i dette faget sidan han gjekk ut av grunnskulen.

Garantist mot sjøsjuke

John Hatløy kjem toppleiarane sine litt i forkjøpet også vidare, for han har meir på hjartet når det gjeld konstruksjonen til det nye skipet.

– Det vil bli mindre sjøsjuke og vesentleg meir matro om bord i denne, enn i andre cruiseskip.

–Baugkonstruksjonen kan ta brodden av nesten ei kvar bølge, langt meir offensivt enn tradisjonelle skip. Dermed får også skipet ei rolegare gange. Det er berre å snu seg opp mot vêret, så vil ein ha det best tenkjelege utgangspunkt - anten ein står på brua eller sit i boblebadet, lovar den trauste og sindige skipsbyggjaren.

Tore har trua

Det er elles ikkje første gong at Ulstein har vore inne i og 1982 leverte dei hurtigruta Midnatsol, og på 90-talet endå ei.

– Kanskje må vi etter kvart endå lengre inn i denne marknaden, seier viseadministreran de direktør i Ulstein Group, Tore Ulstein.

– Det vil i så fall ikkje vere noko nytt for drifta vår. Ho vart bygd opp på fiskeri, og vidareutvikla og auka sterkt på olje.

– Så har vi vore innom vindkraftskip og energi. At vi no kan få eit nytt løft med avanserte cruisebåtar, er eit stort håp, seier Ulstein. Vel vitande om at i tillegg til denne første polare jomfrukontrakten, ligg det også opsjonar om bygging av ytterlegare to skip, dersom reiarlaget finn det for godt etter kvart.

I over ei veke har direktør Kristian Sætre måtta vente med å annonsere kontrakten med det internasjonalt børsnoterte ekstremcruiseselskapet Lindblad Expeditions i USA. Til hjelp med å presentere gladnyhendet har han med seg infosjef Lene Trude Solheim, og i ryggen har han ein tidlegare x-bow-konstruksjon signert Ulstein Verft. Foto: Knut Arne Aarset
Tore Ulstein trakterer kakespaden, og byd opp til kalorifest for nokre av dei mest sentrale aktørane bak den ferske kontrakten for cruiseskip med x-baug. Foto: Knut Arne Aarset