Inntektene stoppa på 350 millionar – noko som betyr at omsetnaden ved utgangen av kvartalet enda på 968 millionar så langt i år.

Det er om lag ein halv mrd. svakare enn på same tid i fjor. Resultatet før skatt blei på minus 49 millionar kroner for kvartalet, ifølgje børsmeldinga. For året samla etter ni månader blei underskottet på 59 millionar før skatt.

Konsernet påpeiker samstundes at dei ventar å kome sterkare tilbake i 2018 grunna fleire ordrar – særleg ved Leirvik-verftet. Havyard som har hovudkontor i Herøy, skal mellom anna byggje fleire ferjer for Fjord1.