Fosen Yards fekk oppdraget med å eit delvis lukka oppdrettsanlegg for Midt-Norsk Havbruk, melder næringslivsavisa Nett.no.

Oppdrettsselskapet i Trøndelag fekk tidlegare i år fire utviklingskonsesjonar for å utvikle ideen med anlegget «Aquatraz». Kontrakten var ifølgje Nett.no på 30 millionar kroner med opsjon på ytterlegare tre anlegg.

Prosjektkoordinator Steingrim Holm i oppdrettsselskapet seier da vurderte sju ulike verft, mellom dei verft frå Nordvestlandet – og utlandet. Pris og leveringstid gjorde at Fosen Yards kom best ut, i tillegg til at trønderverftet ligg nære hovudkontoret til Midt-Norsk Havbruk.

Fiskeridirektoratet behandlar no 76 søknadar på slike utviklingskonsesjonar frå bedrifter langs heile kysten, som vil utvikle nye måtar å drive oppdrett på. Bere ein av desse kjem frå Sunnmøre - Marad Norway i Herøy. I tillegg har Gladfisk frå Sandøy i Romsdal inne ein søknad.

Les også: Gigantoppdrett til havs krever stor sikkerhet