Det skriv næringslivsavisa Nett.no.

Beløpet kjem fram i ei innkalling til eit møte for obligasjonseigarane den 14. desember. I same melding går det fram at reiarlaget i Ulsteinvik har støtte til den nye finansieringa, frå det naudsynte fleirtalet av kreditorane.

Med andre ord kan det ligge an til ei hyggeleg «førjulsgåve» for dei tilsette i det kriseramma reiarlaget.

Selskapet opplyste tidleg i haust at dei hadde ein prinsipiell einigheit med dei viktigaste kreditorane om ein meir langsiktig finansiering.