Konkursopninga for selskapet med hovudkontor i Ulsteinvik, er registrert i Brønnøysundregistera måndag.

(sjå nøkkeltal for bedrifta til høgre - under om du les på mobil)

Bustyrar Camilla Marie Solbakken opplyser til lokalavisa Vikebladet at styret i selskapet med namnet «Nye Regionavisa» bad Sunnmøre tingrett opne konkurs før helga.

– Mi oppgåve no er å få oversikt over lokala, eigedelar og dei tilsette i selskapet, seier Solbakken til avisa.

Ifølgje Solbakken har avisa åtte tilsette i dag.

Regionavisa blei stifta i 2000 og la om drifta i vår, frå å vere vekeavis på papir – til å i hovudsak publisere på nettutgåva si. I tillegg har dei gitt ut papirmagasin ein gong i månaden.