Island Offshore fekk grønt lys frå kreditorar

Island Offshore fekk torsdag ja frå obligasjonseigarane til kriseløysinga som var lagt på bordet.

Administrerende direktør Håvard Ulstein i Island Offshore har tidlegare i haust opplyst at den nye kapitalen ikkje vil endre vesentleg på eigarforholdet i selskapet. Arkivbilde  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Det går fram av ei melding lagt ut på heimesidene til reiarlaget i Ulsteinvik.

Det betyr at Island Offshore har teke eit solid steg mot å få alle bitane på plass for ei ny finansiering og gjeldslette for selskapet.

Eigarane i to obligasjonslån på drygt 700 millionar kroner, godkjende løysinga som var foreslått i innkallinga som blei sendt ut den 30. november.

I hovudsak dreiar det seg om at kreditorane godtek å utsette gjelda med mellom tre og tre og eit halv år, mot at eigarane går inn med 369 millionar.

Sommaren 2021

Tidsperspektivet reiarlaget har sett i den nye finansieringa, strekk seg til utgangen av 2020 for dei såkalla sikra kreditorane.

I tillegg til at dei bad om å utsette banklån til årsskiftet 2020/21, bad dei om å få utsett  obligasjonsgjelda med enno eitt halvår  - til juni 2021.

5,5 mrd. i gjeld

I møte med den tøffe marknaden etter oljeprisfallet, har reiarlaget mellom anna selt skip, lagt fartøy i opplag og kutta i kostnadar. Dei har óg permitert og sagt opp mange tilsette.

Minst 1700 færre tilsette på Sunnmøre: Éin av tre har mista jobben (for abonnentar)

I tillegg til å jobbe for å halde inntektene oppe, har dei kvitta seg med gjeld på om lag 1,4 milliardar ved utgangen av tredje kvartal. Då var den renteberande gjelda på drygt 5,5 milliardar.

Marknaden litt betre

Island Offshore består at åtte skipseigande selskap, som i hovudsak er eigd av delar av Ulstein-familien saman med amerikanske Edison Quest.

Av dei nemnte 369 millionane, går kring 33 millionar til å handsame gjeld mellom ulike Island-selskap. 336 millionar er eigenkapital til konsernet. Kreditorane er også lova å få meir tilbake, om reiarlaget gjer det betre økonomisk enn venta.

Ratane for ankerhandteringsskipa og forsyningsskipa gjekk opp i løpet av første halvår. Samstundes har skipa hatt meir oppdrag enn tidlegare.

Reiarlaget opplyser likevel i ein presentasjon, at dei ikkje ventar betydeleg betring før oljeprisen legg seg på eit stabilt høgare nivå. Sunnmørsposten fekk ikkje snakke med nokon i leiinga for selskapet i går.

Kriserunde nummer to

Reiarlaget ligg på sett og vis eit steg framfor fleire andre reiarlag i arbeidet med å sikre selskapet gjennom dei røffe tidene i oljeservicenæringa.

Allereie i fjor vår fekk dei på plass den første avtalen om utsett betaling på gjelda til hausten 2018. Også den gong måtte eigarane skyte inn meir eigenkapital.

Selskapet opplyste seint i sommar at dei hadde ein prinsipiell einigheit med dei viktigaste kreditorane, men det har teke tid å få ein endeleg avtale på plass.