Ei aksjonærgruppe har valt å selje sine aksjar til Stokke Industri AS, skriv Jets AS i ei pressemelding.

Jets AS er eit spesialisert selskap innan vakuumteknologi som held til på Hareid. Selskapet har over 100 tilsette og har ifølgje pressemeldinga ei omsetning på over 400 millionar kroner.

Sel med blanda kjensler

Aksjonærgruppa som sel er Marin Eiendom AS og Ranveig Antonia Gjerde, Trude Gjerde og Mathias H. Gjerde. Overtakinga føresett at due diligence (selskapsgjennomgongen) gjennomførast med tilfredsstillande resultat, heiter det.

– Vi har framleis stor tru på Jets framover og det er med blanda kjensler at vi har bestemt oss for å selje. Vi har vore ein del av Jets i nesten 32 år, så avgjerda var ikkje enkel, seier Svein-Rune Gjerde ifølgje pressemeldinga.

– Vi stilte ein del krav til ny eigar og då Stokke Industri AS viste interesse kom vi til at vi ønskjer å selje aksjane våre.

– Spennande selskap

Rune Stokke, styreleiar og partnar i Stokke Industri AS, seier at Jets er eit svært spennande selskap.

– Vi ønskjer saman med andre eigarar og leiing å bidra til framleis positiv utvikling av Jets, seier Stokke ifølgje pressemeldinga.

Andre store aksjonærar i Jets AS er familiane Hofseth, Haddal og Øvsthus.