(MØRENYTT:) Jo Stian Tverberg blir ny administrerande direktør for K. A. Aurstad AS og Aurstadkonsernet frå mars 2018.

–Jo Stian er sivilingeniør frå NTNU og har lang erfaring frå leverandørindustri og entreprenørbransje. Han kjem frå Tussa Installasjon AS, som han har leia sidan 2011. Han har også styreerfaring både frå næringsliv og offentlig verksemd, skriv K A Aurstad AS i ei pressemelding.

- Vi har hatt ein rekrutteringsprosess med mange gode og kvalifiserte søkjarar, og har kome til et val vi er svært godt nøgd med. Jo Stian har teft for forretningar, solid leiarerfaring og er opptatt av menneska, seier konsernsjef og hovudeigar Cato Aurstad.

200 tilsette

Aurstad-konsernet består av maskinentreprenørselskapet K A. Aurstad og Volda Ørsta Pukkverk AS. Konsernet har 200 tilsette.

– I åra framover skal vi utvikle vår kunnskaps- og teknologibase, for å stå sterkare rusta i ei framtid med auka konkurranse og stadig større kontraktar. Vi har med leveransane våre dei siste åra satt spor. Kvaliteten på det vi leverer blir verdsatt av kundane og brukarane. Det er motiverande og vi posisjonerer oss for å delta i fleire av dei større kontraktane som no kjem ut. Jo Stian har dei beste føresetnadane for å leie selskapa i Aurstadkonsernet inn i framtida, og eg ser fram til å samarbeide med han, seier Cato Aurstad i ei pressemelding.

Noverande administrerande direktør Per Kristian Langlo skal gå av med pensjon.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt