Johan Kvamme, Kåre Simonnes, og Marta Kalsnes fekk tildelt heideren frå Sande-ordførar Dag Vagen som hadde teke turen ut til Kvamsøy-bedrifta som produserer tankar, vassbasseng og siloar av glasfiberarmert plast.

Johan Kvamme som no er pensjonist, starta i bedrifta sommaren 1986 og har hatt ulike stillingar i produksjonen, i tillegg til å vere sjåfør og montør. Han omtalast som ein allsidig kar og var i fleire år avdelingsleiar.

Kåre Simonnes starta i Brimer året etter Kvamme, men er no også pensjonist. Han har vore stålarbeider, men også vore avdelingsleiar og arbeidd med ein del monteringsoppdrag.

Marta Kalsnes har vore tilsett som kontormedarbeidar sidan 1988, og i hovudsak jobba med faktura, samt føring av rekneskap og lønn. «Marta har utført oppgåvene på ein eksemplarisk måte, og har vore ein tru tenar i alle år», skriv bedrifta i ei melding.