Fjord1 signerte milliardkontrakt på nye ferjesamband

Møre og Romsdal fylkeskommune og reiarlaget Fjord1 signerte kontrakt for dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre.

Signerte: Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 og fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Næringsliv

Det opplyser både reiarlaget og fylkeskommunen i ei pressemelding.

Verdien på kontrakten er på nær 1,9 milliardar kroner, varar i 11 år og startar opp i januar 2020.  At reiarlaget med hovudkontor i Florø vann kontrakten, blei kjend allereie tidleg i januar.

Konsernsjef Dagfinn Neteland stadfestar at dette er ein viktig kontrakt, og rosar fylkeskommunen for å ha lagt vekt på å få på plass miljøvennlege fartøy på strekningane.

Fem av seks ferjer på sambanda skal byggjast nye, og dei vil i hovudsak driftast heilelektrisk. I tillegg vil dei har moglegheit for å segle med diesel for å sikre drifta ved til dømes straumbrott. Før dei nye kontraktane startar skal også ferjekaiene utbetrast i regi av fylkeskommunen.

Dei fem ferjene er berre nokre av ei rekkje nye ferjer Fjord1 skal bygge dei kommande åra. Det er ikkje bestemt kvar ferjene skal byggjast. 

Fjord1 aukar overskotet

Etter tre kvartal er konsernresultatet 408 millionar kroner, skriv Fjord1 i ei børsmelding.

 

Fjord1 skal bygge seks nye ferjer

Tar en avgjørelse i løpe av få uker.