Færrast konkursar på fem år i Møre og Romsdal

Ikkje sidan oljeprisen starta å falle, har færre bedrifter gått konkurs i Møre og Romsdal.

Restaurantkonkursar Ein rekkje spisestader opplevde å gå konkurs i løpet av fjoråret, mellom anna dei tidlegare drivarane av Big Horn Steak House og drivarane av Restauranthuset Bocca.  Foto: NILS HARALD ÅNSTAD/STAALE WATTØ

Næringsliv

188 selskap gjekk konkurs i Møre og Romsdal løpet av fjoråret, viser tal frå Brønnøysundregistera. Dette er det lågaste talet som er registrert sidan 2013, sjølv om endringane ikkje er store.