For eit par år sidan satsa familiebedrifta Holstad Varetransport i Stordal fleire millionar og kjøpte inn seks nye bilar. No er det klart at satsinga ikkje lønte seg – og aksjeselskapet er konkurs.

– Det har vore tøft og vi har gjort alt vi kunne. Mellom anna køyrde vi sjølv for å sjå om vi kunne få det til å gå, fortel dagleg leiar Geir Martin Holstad til Sunnmørsposten.

Satsa i Nord-Norge

Etter å ha drive som enkeltmannsføretak sidan 1990-talet, fekk bedrifta i 2016 ein større fraktavtale i Nord-Norge. Oppdraget gjekk ut på å frakte stykkgods frå fleire jernbanestasjonar og fisk på tilbakevegen. Med friskt mot starta familien opp eit aksjeselskap, og tilsette fleire sjåførar. Men drifta i det nye selskapet gjekk aldri med overskott.

– Vi fekk det rett og slett ikkje til å gå i pluss og sleit frå første dag, fortel Holstad.

Ifølgje ein førebels rapport frå bustyrar fekk selskapet både større utgifter med reparasjonar og «dødtid» på bilane. I rapporten står det også at ein avtale om å få utsett dei første rekningane frå leasingselskapet, ikkje blei overheldt. Dermed måtte dei tære på aksjekapitalen.

Tidleg i 2017 tok dei kontakt med bank og rekneskapsførar for å høyre om dei meinte det var grunnlag for vidare drift. Etter positivt svar – og nye innskott frå eigen lomme, gjorde familien eit siste forsøk.

11 av 18 bilar i drift

Aksjeselskapet hadde ti tilsette, som i utgangspunktet mista jobbane sine. Men ifølgje Holstad slepp dei å gå arbeidsledige.

– Alle som var blanda inn i konkursen er i jobb att. Nokre heldt fram i enkeltmannsføretak medan nokre har fått annan jobb, seier han.

Av til saman 18 bilar som dei to selskapa køyrde på det meste, er det no 11 bilar som vil halde fram i det gamle selskapet. Seks bilar køyrer lokalt i Ålesund-distriktet, medan dei andre gjer ulike oppdrag både i Norge og i utlandet.

Ti millionar i gjeld

Ifølgje oversikta frå bustyrar har aksjeselskapet om lag 10,5 millionar i gjeld etter konkursen.

I første rekkje er det banken og familien sjølv om har tapt pengane. Holstad som har drive det originale transportfirmaet sidan 1993, erkjenner at det vert eit 25-årsjubileum – med ein viss bismak.