Finansdirektør Olav Tanberg er konstituert som konsernsjef i Kleven frå 1. februar, ifølgje ei kort pressemelding frå Kleven fredag.

Konsernet med hovudkontor i Ulstein har dei siste månadene vore på jakt etter ein ny toppsjef. Konsernet har funne den som skal leie selskapet vidare - men held det hemmeleg inntil vidare.

– Ny konsernsjef er tilsett, og vi vil offentleggjere kven dette er og oppstartstidspunkt for vedkomande så snart dette er avklart med noverande arbeidsgjevar, seier styreleiar Leif Teksum i Kleven i pressemeldinga.

Teksum har tidlegare uttalt at dei ønskjer ein konsernsjef med lokal tilhøregheit. Etter det Sunnmørsposten erfarer, har styret lukkast med det, sjølv om Teksum ikkje ville stadfeste dette fredag.

Styreleiaren seier til Sunnmørsposten at han ikkje veit kor lang tid det vil ta før dei kan offentleggjere namnet, men truleg skjer det i løpet av kort tid.

– Vi ønskjer at dette skal skje så raskt som mogleg, seier Teksum.

Les siste saker om Kleven her

Rasmussen ute

I  slutten av november blei det kjend at mangeårig leiar av konsernet, Ståle Rasmussen, ikkje held fram i stillinga.  Rasmussen opplyser til Sunnmørsposten fredag at han no er ute av selskapet - og henviser til Kleven for fleire kommentarar.

– No skal eg halde på med andre ting, seier Rasmussen - men stadfestar likevel at han vil vere tilgjengeleg for Kleven i ein periode «til spesielle oppgåver».

Konsernsjef i Kleven på veg ut: – Eg har tenkt til å halde fram i den maritime industrien

Trønder mellombels toppsjef

Olav Tanberg som no er toppsjef inntil vidare, er opphaveleg frå Nord-Trøndelag, men kjenner selskapet godt.

Tanberg har vore finansdirektør i Kleven sidan 2009 og er busett i Langevåg. Han er utdanna siviløkonom og har jobba i fleire år med finans i Bergen.

Konstituert Olav Tanberg Foto: Kleven

Styreleiar Leif Teksum fortel at det var naturleg at ein person internt i konsernet held i trådane inntil vidare - no som dei har funne ny konsernsjef.