(Vikebladet:) Onsdag offentliggjorde Kleven-konsernet ved styreleiar Leif Teksum at Karsten Sævik er deira nye konsernsjef. Teksum har gjennom tidlegare intervju uttrykt eit ønskje om å finne ein lokal person, som også kjenner godt til skipsbyggingsindustrien. Det har han definitivt funne i Karsten Sævik. Hovudpersonen sjølv er svært audmjuk i høve oppgåva han no får.

- Eg har jo vore i dette gamet i nokre år no, og ser fram til dette nye arbeidet, seier Sævik.

- Har vurdert det nøye

Vikebladet Vestposten fekk tak i Sævik like før han gjekk inn i lokala til sin noverande arbeidsplass Remøy Shipping AS i Fosnavåg, der han er administrerande direktør.

- Det blir heilt klart ein spanande jobb og ei spanande utfordring å gje seg i kast med. Eg har sjølvsagt vurdert dette nøye, og fann ut at det var noko eg hadde lyst til å prøve meg på, seier han.

Sævik, som i dag er busett i Ulsteinvik, kjem opphavleg frå Remøya, og er for dei som ikkje veit det tremenning av Njål Sævik, sonen til Per Sævik og administrerande direktør i Sævik-familien sitt shippingselskap Havila Shipping AS. Sævik fortel at han ser fram til å prøve seg som toppsjef for eit av Norges største industrikonsern.

- Eg har noko liknande erfaring frå før, då eg ei tid tilbake var verftsdirektør ved Ulstein Verft. Men dette er sjølvsagt eit steg opp, med enno litt større ansvar enn eg har hatt tidlegare, seier Karsten Sævik.

Blei kontakta før jul

Den nye konsernsjefen tek ikkje til i stillinga før han har jobba ut si seks månader lange oppseiingstid hos noverande arbeidsgjevar. Fram til han tek over er Olav Tanberg konstituert som konsernsjef i Kleven.

Sævik ser fram til å få bidra til at Kleven kan halde fram sine stolte skipsbyggingstradisjonar. Han fortel at han blei kontakta angåande jobben før jul.

- Etter den første kontakten har eg vore i fleire møter med Leif (Teksum, journ.anm.) og resten av styret, og etter kvart blei vi einige om at eg skulle prøve meg, seier Sævik.

Praten på heimebane blei sjølvsagt tatt, og også familien meinte Karsten Sævik burde ta denne utfordringa.

- Kjekt å bli spurt

Sævik har som sagt nokre månadar igjen hos Remøy Shipping AS, og etter ønskje frå noverande arbeidsgjevar, som no må sjå etter ein erstattar, blir han verande ut oppseiingstida si.

Den dagen han går inn i jobben som konsernsjef i Kleven, får han mange store og utfordrande oppgåver servert direkte. Kleven har som kjent hatt og har framleis finansielle utfordringar, og blei i fjor tatt over av fleire ulike investorar, som spytta inn 300 millionar kroner i frisk kapital. Mellom desse var milliardæren Petter Stordalen og Hurtigruten ASA.

- Dette er eit stort industrikonsern, det er det ingen tvil om. Det var veldig kjekt å bli spurt, og å få tillit frå styret. Dette er eit konsern med mange utfordringar, i likskap med resten av skipsbyggingsindustrien, men eg ser fram til å setje i gong arbeidet, seier Karsten Sævik til slutt.

Denne saka sto først på trykk hos Vikebladet.

Karsten Sævik, ny konsernsjef i Kleven. Foto: REMØY SHIPPING AS