Sjå bilda fra sjøsettinga av hurtigruteskipet frå Kleven

Laurdag sklei MS Roald Amundsen for første gang ned i vatnet - til jubel frå dei frammøtte på kaia til Kleven.
Næringsliv

(sjå bildeserie over - blir oppdatert)

Mange var møtt opp for å få med seg sjøsetttinga av ekspedisjonsskipet Hurtigruten har under bygging ved Kleven verft i Ulstein.

Temmeleg nøyaktig klokka 12 seig skipet ut i vika der MS Lofoten - selskapet sitt eldste skip - låg for å ta i mot sin nyaste «kollega». Etterpå blei det Roald Amundsen lagt til kai, der det skal utrustast ferdig. Levering av skipet er først til vinteren.

Kleven har eit systerskip - MS Fridtjof Nansen - under bygging for Hurtigruten, og det kan bli fleire. Hurtigruten har opsjon på ytterlegare to skip.


Kleven sjøsette sitt første hurtigruteskip

Stor interesse frå utlandet for «verdas råaste» ekspedisjonsskip

Til applaus frå frammøtte blei MS Roald Amundsen sjøsett frå Kleven verft laurdag.