Den førebelse årsrapporten frå Olympic Subsea viser at reiarlaget frå Herøy gjekk med underskott (sjå tal under), sjølv om drifta isolert sett gjekk i pluss.

Olympic fekk i fjor på plass ei ny finansiering for selskapet som strekk seg fram til 2022. I Olympic Subsea vert det satsa på segmenta subsea og fornybar energi under nemninga «Blue Energy».

Eigar Stig Remøy seier seg tilfreds med at selskapet leverar eit positivt driftsresultat i ein «krevjande marknad», ifølgje ei pressemelding i samband med offentleggjeringa av resultata onsdag.

Åtte av 18 skip i opplag

Ved utgangen  av året var åtte av 18 skip i opplag og Remøy seier at 4. kvartal som forventa blei, «sesongmesseg svakt marknad med lav aktivitet». Reiarlaget opplyser at dei difor la fleire skip til kai for å kutta kostnadar.

Også starten på 2018 vil vere krevjande trur leiinga, men i løpet av det neste året ventar Olympic auka aktivitet i fornybar-feltet og ei gradvis betring innan subsea.

- I marknaden for Blue Energy ventar vi auka aktivitet frå andre kvartal og utover, medan starten på 2018 framleis er prega av krevjande sesongforhold. Vi har valt å ikkje inngå langsiktige kontraktar med dårlege ratar i den krevjande marknaden.  Det gir oss ein stor fordel i tida som kjem, fordi vi har handlefridom til å kunne agere raskt når marknaden går opp og nye moglegheiter byr seg, seier Stig Remøy.

Olympic-konsernet hadde ved utgangen av året 376 sjøfolk i arbeid og 35 tilsette på land.

(saka held fram under)

Underskott i fjor

Resultatet før skatt for 2017, vart ifølgje rapporten på minus 139 millionar kroner. Finanskostnadar på kring 230 millionar kroner bidreg til underskottet.

Inntektene for heile året kom på 582 millionar kroner. Også drifta i siste kvartal i fjor enda med raude tal, men driftsresultatet for året hamna på 79 millionar i pluss.

Selskapet har ei samla gjeld på nær 4,3 milliardar og ei kassabehaldning på 353 millionar.