– Det er nesten så ein må klype seg i armen. Det er definitivt eit historisk år, seier Fjord1-direktør Dagfinn Neteland til Sunnmørsposten etter at reiarlaget onsdag la fram eit nytt rekordhøgt overskott for 2017.

Skal bestille sju ferjer til

Neteland påpeiker samstundes at reiarlaget må ligge på eit slikt nivå for å gjennomføre den flåtefornyinga dei er inne i. Han anslår at det i løpet av eit femårsperspektiv vil dreie seg om fem-seks milliardar som vert investert.

– Vi har til saman 24 ferjer som skal byggjast og settast i drift innan 2020. To blei nyleg levert, medan sju ikkje er kontrahert enno, seier Neteland.

Desse bestillingane skal etter planen leggjast inn i løpet av første kvartal, men det er langt frå sikkert at jobbane går til norske verft.

Den siste bestillinga på tre nye ferjer på slutten av fjoråret, gjekk til det tyrkiske Sefine-verftet.

Med ny finansieringsordning via Norsk Eksportkreditt er sjansen rett nok større for at ferjene blir bygd her til lands:

– Vi jobbar med saka og meiner ordninga er flott for industrien, seier Neteland.

Børsverdi på nær fem mrd.

Reiarlaget som har hovudkontor i Florø, har no 49 prosent av ferjemarknaden og størst i Norge. Samstundes som dei har kapra ei rekke nye samband har selskapet knapt hatt uhell på sjøen dei siste åra.

– Vi er veldig stolte over kva vi har fått til og eg er imponert over folka våre. Vi har auka kvaliteten og fått ein heilt annan kultur kring tryggleiken. Vi driver kort sagt ein mykje betre butikk i dag og det har vore ei artig reise, seier Neteland.

I løpet av «reisa» har selskapet vorte notert på Oslo Børs, der aksjeverdien har auka frå knappe tre milliardar ved notering – til nær fem milliardar med onsdagens kurs.

(saka held fram under)

270 millionar til eigarane

Ved å kjøpe Fjord1-aksjane til Sogn og Fjordane fylkeskommune, sikra Sævik-familien seg full kontroll med reiarlaget i fjor. Neteland seier herøyværingane har vore ein viktig bidragsytar til suksessen.

– Det er ikkje noko tvil om at det har vore positivt og ein god ressurs for selskapet. Det å få inn aksjonærar som tenkjer meir kommersielt har vore ein viktig drivar i arbeidet, seier Neteland.

Som følgje av dei gode resultata, kan eigarane også innkassere ein pen gevinst. Styret vil utbetale 270 millionar kroner – tilsvarande 2,7 kroner per aksje i utbytte for 2017.

800.000 sveler gav pluss

Det er drifta av ferjer som i hovudsak har skapt overskottet. Omsetnaden frå passasjerbåtar gav berre eit par millionar på botnlinja i rekneskapen, medan satsinga på fjordturisme gjekk i pluss med kring 16 millionar.

Cateringverksemda enda med eit overskott på 36 millionar kronar etter å ha selt kring 800.000 sveler.

Etter at Fjord1 mot slutten av fjoråret kjøpte seg opp i Geiranger Fjordservice, eig dei no kring 30 prosent av aksjane både i dette selskapet og Fjord Tours. I tillegg driv dei turisme gjennom The Fjords saman med Flåm AS. Selskapet har også ein større eigardel i flyselskapet Widerøe.