Marineavdelinga til ABB i Ulsteinvik er mellom dei som får mykje å gjere framover etter at konsernet har fått oppdrag på to cruiseskip.
ABB skal levere utstyr både til det rekorddyre skipet Vard bygger for franske Ponant og til X-Bow-skipet som Ulstein verft skal bygge for Lindblad Expeditions.
– Ja, det har vore ei god veke, seier Pål-Ove Husøy som er ansvarleg for sal i marineavdelinga, til Sunnmørsposten.
– Begge kontraktane er betydelege i storleik. Samstundes er det viktig for oss å halde fram med å jobbe for lokale verft og utnytte fordelen med nærleiken til kundane, seier Husøy.
Skipa blir bygd for å tole segling i islagde farvatn, og det skal ha vore ein viktig årsak til at ABB sitt utstyr blei valt.
Lyser ut stillingar
Salsdirektøren seier kontraktane gir arbeid for tilsette både i salsapparatet, prosjektorganisasjonen, service og produksjon. Marineavdelinga til ABB har tilsette både i Ulsteinvik og Billingstad på Austlandet, som vil samarbeide om cruisejobbane.
– Vi er i full gang med begge prosjekta og marineavdelinga søker no etter nye tilsette, seier Husøy.
Konsernet som er notert på børsen i Stockholm, måtte i 2015 seie opp fleire tilsette etter at oljeprisen stupte. Det gjekk også utover avdelinga i Ulsteinvik.
– Men dei siste åra har vi klart å behalde arbeidsplassane, og vi er no kring 80 tilsette i Ulsteinvik, seier Husøy.
(saka held fram under)
Vard bygger flytende luksushoteller med kikkhull Tillitsvald: – Endeleg kan vi senke skuldrene
Første cruiseskip med X-Bow
Det 124 meter lange Lindblad-skipet som skal byggjast ved Ulstein verft, vil få betydeleg med ABB-utstyr om bord. Her blir det framdrift ved hjelp av Azipod-propellar i tillegg til at skipet blir utrusta med styringssystem og automatiseringsløysingar frå ABB.
Cruiseskipet blir det første i dette segmentet som blir utstyrt med den kjende X-Bow-baugen. Skipet skal leverast frå Ulstein i 2020.
Også luksusskipet frå Vard, skal utrustast med dei vendbare Azipod-propellane frå ABB. Løysinga som har montert ein elektrisk motor direkte på propellen, har blitt ein føretrekt løysing hos mange cruisereiarlag. Ponant sitt cruiseskip blir nummer 100 i rekka med ein slik kombinert propell- og rorløysing.