Vågsøyverft med kontrakt på nytt fiskefartøy

Stadyard på Raudeberg har sikra seg kontrakt for bygging av nye «Radek».

Nybygg nr. 44: Bilde frå kontraktssignering av bygg nr. 44 frå Stadyard. Frå venstre: Svein Fagerbakke (Radek), Rolf Barstad (Rolls-Royce Marine), Agnar Lyng (Stadyard), Arild Sekkingstad (Radek), Malvin Silden (Stadyard), Per Ståle Nykrem (Rolls-Royce Marine). Privat  

Næringsliv

Verftet har inngått kontrakt med reiarlaget Nye Radek i Austevoll for fartøyet som skal leverast i 2020.

Fartøyet er designa av Rolls-Royce Marine, som også skal levere ei omfattande utsyrspakke om bord.

Nye «Radek» vert utstyrt for ringnot-, trål- og snurrevadfiske. Det drygt 47 meter lange fartøyet får plass til 12 personar om bord.

Nye «Radek»: Fiskefartøyet er designa av Rolls-Royce Marine og har typenemninga NVC 312. Illustrasjon: Rolls-Royce Marine