Damene Først-konferanse i Ålesund:

Gunvor Ulstein utfordrar kvinner til å satse på toppstillingar

– Forsking viser at det ofte er kvinner som blir sett inn når bedrifter er i ein vanskeleg situasjon, seier Gunvor Ulstein.

MØTE: Konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, saman med to av gründerane i den prisvinnande bedrifta AgriMare Bio i ein pause på Damene Først-konferansen i går. F.v. Lene Stenseth og Emma Lovise Sunde. 

Næringsliv

– Då er kvinner interessante. Men då er også fallhøgda større, la Ulstein til som ei forklaring på at det er mange kvinner som har måtta gå frå topp- stillingar. Ho viser til ein kronikk om dette som nyleg stod i Dagens Næringsliv.