Ny pris til Volda Maskin

Fylkesprisen Årets Bedrift går til Volda Maskin. Bedrifta har 25 års erfaring i alt frå små oppdrag til omfattande samferdselsprosjekt.

HEIDER: Volda Maskin er kåra til Årets Bedrift i Møre og Romsdal. 

Næringsliv

Prosjektering, graving, muring og sprenging er nokre av tenestene selskapet leverer.

Volda Maskin tek eit tydeleg samfunnsansvar gjennom å satse på lærlingar, fagleg utvikling og støtte til frivillig arbeid, heiter det i grunngjevinga frå regional og næringsutvalet.

Volda Maskin vart i 2017 kåra til årets lærebedrift av Arctic Entrepreneur, i konkurranse med over 2000 andre. No får dei også den høgthengande fylkesprisen Årets Bedrift.


Volda Maskin kåra til årets lærebedrift

Fekk gjev pris frå Maskinentreprenørenes Forbund.

Volda Maskin har 65 tilsette og held til i Volda kommune.

– Dette må jo bety at vi har gjort noko rett, seier ein glad dagleg leiar i Volda Maskin, Jon Grebstad, i ei pressemelding.

Prisen blir delt ut på fylkestingssamlinga i april.