Investeringsfondet FSN Capital i Oslo blir ny eigar av Mørenot-konsernet ved at dei kjøper alle aksjane i morselskapet.

Det har i lengre tid vore kjent at eigarane av hjørnesteinsbedrifta i Haram har jobba med eit sal, og torsdag blei avtalen signert.

– Vi har funne den kjøparen vi trur er best eigna til å bere arva i Mørenot vidare. Dei er eit norskbasert selskap med stor kompetanse på å utvikle bedrifter og har vist at dei klarar å skape gode resultat i bedriftene dei kjøper opp, og dermed også god avkastning for eigarane, fortel styreleiar Sveinung Flem til Sunnmørsposten.

Etter sjølv å ha vore aktive på oppkjøpsfronten i fleire år, består Mørenot-gruppa i dag av fleire selskap i inn- og utland som leverer utstyr til fiskeri, oppdrett og seismikk.

Vil bli store globalt

Flem seier at FSN vil bruke Mørenot som ein plattform for vidare vekst – både innan dagens verksemd – og gjennom kjøp av andre selskap. Det er ingen planar om å flytte verken arbeidsplassar eller hovudkontoret i Søvika.

– Vi meiner at det å ha eit hovudkontor her innan dette forretningsområdet, både vil styrke Mørenot som selskap og lokalsamfunnet, legg Flem til.

Rådgjevingsselskapet Saga Corporate Finance har hatt oppdraget med å gjennomføre prosessen, og partnar Ivan Alver stadfestar at FSN har ein klar plan om at Mørenot skal vekse vidare:

– Dette er eit typisk private equity-fond der strategien er å vekse ved å kjøpe opp fleire selskap. Dei ønskjer å nytte Mørenot-paraplyen til å bli ein vesentleg større aktør. Eg er ikkje i tvil om at dette også vil styrke selskapet regionalt og sikre arbeidsplassane, seier rådgjevaren.

Også for dagens eigarar har dette vore viktig:

– Dei har ønskja å få lov til å vere med å byggje ein stor global utstyrsleverandør med hovudkontor i regionen, seier Alver.

Fleire enn 30 interesserte

Alver seier det har vore eit krevjande arbeid med mange involverte. Det har vore både finansielle og industrielle interesser som låg til grunn hos dei ulike aktørane.

– Det har vore meir enn 30 kjøparar frå om lag ti ulike land som har vurdert dette seriøst. Slik sett er det ingen tvil om at det har vore solid interesse, fortel Alver.

Han fortel at det har vore ein rekkje personar involvert for å ta seg av alle sidene ved salet, og mellom anna har advokatfirmaet Adviso vore involvert.

– Det er illustrerande at kring 180 rådgjevarar frå ulike bodgjevarar har hatt tilgang til materialet i sluttfasen, seier Alver.

Les kommentar: «Er hele Sunnmøre til salgs?» (for abonnentar)

Nokre blir med vidare

Reint formelt vil aksjonærane i Mørenot Holding AS selje seg heilt ut, og eit nytt holdingselskap bli oppretta. Partane er samde om ikkje å opplyse om prisen.

Nokre av dei rundt 80 eigarane vil bli med vidare som aksjonærar i dette selskapet. Dei største aksjonærane i morselskapet har vore selskapa Notvika AS, Notloftet AS og PVR AS med ein eigardel på 11,4 prosent kvar.

– Har modna over tid

Styreleiar Sveinung Flem fortel at prosessen har gått føre seg i fleire år, noko som også kjem fram i dei siste årsmeldingane for selskapet. Bakgrunnen for ønskje om å selje, er at bransjen får stadig fleire store aktørar.

Eigarane, der ulike greiner av Hildre- og Ringstad-familiane dominerer, har difor meint at tida no var rett.

Torsdagen var travel for styreleiar Sveinung Flem. Foto: Marius Simensen
Ivan Alver i rådgjevingsfirmaet Saga Corporate Finance, som også handterte prosessen då Sperre nyleg selte kompressordelen i gruppa – og salet av Jets-aksjane til Stokke. Foto: Privat