I desse dagar er det fleire merkedagar for skip som Ulstein Verft har i ordreboka. På kaia i Ulsteinvik ligg konstruksjonsskipet Acta Auriga klart for levering til Acta Marine etter å ha vore på prøvetur førre veke.

– Kunden er veldig nøgd og skipet er klart for overlevering i månadsskiftet som planlagd, seier kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim ved Ulstein Group til Sunnmørsposten.

Tidlegare i vinter blei det klart at Ulstein også har sikra seg kontrakt på eit søsterskip til fartøyet med SX-195-designen, som er planlagd levert i andre kvartal i 2019. Skipa blir omtala som «walk-to-work»-skip er spesiallaga for å kunne nyttast til arbeid ved vindkraftinstallasjonar til havs.

Held luksusyacht hemmeleg

No er det ein luksusyacht som arbeidarane på Ulstein jobbar med inne i dokkhallen. Designarane i Ulstein Design & Solutions har samarbeida med den kjende yachtdesignaren Espen Øino om det vel 88 meter lange skipet.

Mange har lurt på kven som har bestilt det som blir den første yachten med den prisvinnande X-Bow-baugen, men det er hemmeleg. Ulstein kan heller ikkje gå ut med bilde av yachten.

I tillegg har verftet forsyningsskipet Bourbon Monsoon inne til oppgradering.

Kjølstrekk i Polen

Snart er det meir arbeid på veg til arbeidarane på Ulstein. I helga blei det feira kjølstrekk ved Crist-verftet i Polen på ekspedisjonsskipet Lindblad Expeditions har bestilt.

Også dette skipet blir med X-Bow og vil få namnet «National Geographic Endurance». I avtalen ligg det opsjon på to skip til. Både Ulstein-leiinga og konsernsjef Sven Lindblad i Lindblad Expeditions deltok på markeringa.

Tillitsvald: – Endeleg kan vi senke skuldrene

Kina-bygd cruiseskip

På den andre sida av verda, ved eit av China Merchants Heavy Industry sine verft, var det dagen i førevegen markering for nok eit X-Bow-skip, der Ulstein leverar design og utstyr.

Amerikanske Sunstone feira at stålarbeidet er i gang på ekspedisjonsskipet som vil få namnet Greg Mortimer. Aurora Expeditions skal drifte skipet som kan få følgje av heile ni fleire skip av same type.