Nytt skip frå Ulstein imponerte - sjå bildeserie:

Ulstein-skip kan segle like raskt bakover som framover

Skipet Acta Auriga som Ulstein Verft straks har klart til overlevering, imponerte reiarlaget under prøveturen og testinga nyleg.
Næringsliv

Sjå bildeserie frå prøveturen over

Skipet som er spesiallaga for å gjere service på vindkraftinstallasjonar til havs, er utstyrt både med den kjende X-Bow-baugen – og X-Stern-hekken – som byggjer på same prinsipp.

I samband med prøveturen blei skipet testa i maks fart framover og bakover. Målingar viste at skipet bakka i meir enn 12,5 knop og segla framover i 13,5 knop. Det vil gjere skipet svært fleksibelt under arbeid.

– Vi i Acta Marine-teamet om bord er veldig imponerte over prestasjonane. Vi kan nesten ikkje vente med å kome oss i arbeid med denne skjønnheita, uttalte reiarlaget sine representantar ifølgje ei pressemelding frå Ulstein Group onsdag.


Merkedagar for Ulstein-skip – og luksusyacht i dokkhallen

Ulstein Verft er klar til å overlevere sitt siste ferdige skip og er i gang med å utruste ein luksusyacht for ein hemmeleg kunde.

 

Skuldar minst sju millionar i løn

Nær 100 verftsarbeidarar med krav mot konkurs leverandør

Lønnskrav frå nær 100 polske verftsarbeidarar på minst sju millionar kroner, er førebels fasit etter konkursen hos underleverandøren BSR Group.