Marine Harvest er i gong med ein prosess som tek sikte på å redusere talet på faste tilsette, ifølgje Vestlandsnytt.

Førebels er det ikkje klart kor mange færre tilsette dei blir ved fabrikken. Bakgrunnen er at produksjonen har blitt meir effektiv dei siste åra, og prosessen er ikkje eit uttrykk for at oppdrettsgiganten vil satse mindre i Herøy framover.

– Til no har vi for det meste hatt to skift i sving, men vi ser etter kvart at behovet for eit skift nummer to har minka så mykje at vi kan køyre eitt skift mesteparten av året, seier fabrikksjef Sølve Kiviranta til avisa.

Ved overgang til eitt skift, vil det bli mindre behov både for faste tilsette og personell som leigast inn. I dag er det kring 200 fast tilsette i produksjonen.

Selskapet har den siste tida teke i bruk det nye slakteriet som held til i eit nytt bygg. Det er også planar om å bygge nytt kjølelager, i tillegg til at transporten skal leggjast om til å bli meir automatisert enn i dag.