Til hausten kan partane møtast i Sunnmøre tingrett for å gjere opp om spørsmålet etter at Maats Tech har saksøkt Kleven.

Tingretten har sett av sju dagar til tvistesaka frå 8. oktober og der temaet er «krav  om vederlag for sluttoppgjer». Saksøkjar er Maats Tech Ltd, som er den norske avdelinga til det britiske konsernet.

Kleven-sjef: – Trasig

Konstituert konsernsjef Olav Tanberg i Kleven stadfestar at dei ikkje har vorte samde om sluttoppgjeret for ein leveranse frå Maats om bord på kabelleggingsfartøyet.

– Det dreiar seg om ein større leveranse til eit stort og flott skip, og det er alltid trasig når ein blir usamde. Men av og til kan det vere best å løyse slikt i dei instansane som ein har blitt samde om etter avtalen, seier Tanberg.

Han vil ikkje gå i detalj om kva partane er usamde om.

Administrerande direktør Lisa Edwards i Maats opplyser til Sunnmørsposten at ho ikkje vil kommentere saka no.

(saka held fram under)

Leveranse til kvart milliard

Maats Tech hadde ein omfattande leveranse som ifølgje selskapet sjølv hadde ein verdi på 22 millionar pund – kring 250 millionar kroner med dagens kurs. Dei jobba med prosjektet i drygt to år, etter at kontrakta vart tildelt i 2015.

Oppdraget dreia seg om å levere skreddarsydde karusellar for kablar både på dekk og under dekk. I tillegg leverte dei ulike type dekksmaskineri om bord.

Fartøyet vart døypt i Sverige mai 2017 og kontraktverdien for Kleven vart opplyst å vere minst éin milliard kroner.

«Årets skip»

Kabelleggingsfartøyet blei kåra til «Årets Skip» i samband med Nor-Shipping-messa i fjor – den første gongen Kleven kapra prisen. Fartøyet vart omtala som eitt av verdas mest avanserte fartøy for kabellegging med fleire nyvinningar om bord.

Skipet med byggenummer 372 er det første av sitt slag som er bygd ved Kleven. Det 140 meter lange skipet er samstundes mellom dei største verftet har bygd, berre ti meter kortare enn «Edda Freya» som vart bygd for Østensjø-reiarlaget.

(saka held fram under)

Selt til ny eigar - driftast frå Herøy

«NKT Victoria» vart i utgangspunktet tinga av ABB og mala raudt. Etter at denne delen av verksemda blei selt til danske NKT Cables, fekk skipet blått skrog. Kleven har tidlegare opplyst at ABB-salet ikkje fekk praktiske konsekvensar for deira arbeid med skipet.

Skipet driftast av Herøy-selskapet Remøy Management, som opplevde rekordstor pågang frå søkjarar då dei lyste ut kring 50 stillingar om bord på skipet. Også lokale leverandørar som Brunvoll, Hareid Group og ABB Marine har levert utstyr om bord.