Partnar Ulrik Smith frå FSN Capital er i desse dagar i Ålesund for å jobbe med oppkjøpet av tradisjonsrike Mørenot.

Allereie førre månad vart det kjent at fleire av dei eksisterande aksjonærane i selskapet blir med vidar – med det Oslo-baserte fondet som største eigar.

No er det klart at dei tidlegare eigarane vil få ein eigardel på kring 20 prosent i det nye holdingselskapet. Dei skal også vere representert i styret.

Truleg eigar i fem til sju år

FSN Capital er opne på at dei vil vere Mørenot-eigarar i ei avgrensa periode. Fondet forvaltar kring 20 milliardar kroner som i hovudsak er pensjonsmidlar til folk i ulike delar av verda.

– Det er desse vi jobbar for langsiktig, og difor må vi også selje igjen på eit tidspunkt. Til vanleg har vi gjerne ein eigarperiode på fem til sju år der vi jobbar saman med leiinga og partnarane med å utvikle selskapet. Og vi meiner FSN er ein god partnar i den perioden selskapet skal gjennom no, seier Smith.

Jobbar mot børsnotering

Stikkorda er å satse på fiskeri og akvakultur-delen av forretningane, og samstundes vekse geografisk og gjere oppkjøp for å konsolidere det dei ser på som ein fragmentert bransje. Plattforma for dette skal vere Mørenot-selskapet.

– Seinare treng kanskje selskapet ein annan eigar og partnar for å ta steget enno vidare, og då meiner vi børsnotering er det mest trulege og beste for selskapet, seier han.

Det naturlege er ei notering på Oslo Børs, som Smith påpeiker er eit tyngdepunkt når det gjeld aktørar innan marin industri, fiskeri og offshore.

(saka held fram under)

Les kommentar: «Er hele Sunnmøre til salgs?» (for abonnentar)

Trur på fleire tilsette

At Mørenot framleis skulle ha ei lokal «forankring» via eigarskap var viktig for dei tilsette Sunnmørsposten snakka med kort tid etter oppkjøpet vart kjent. Framleis hovudkontor i Ålesund-området var eit anna tema, og sjølv om Smith ikkje kan skrive ut garantiar – ligg det i korta at det ikkje blir store endringar verken når det gjeldt hovudkvarter eller produksjon elles.

– Vi har ingen planar på noko vis om å flytte vekk frå denne regionen, eller legge ned noko av det som skjer her i dag. Vi ønskjer å vekse gjennom oppkjøp både her til lands og internasjonalt, og håper å vere fleire tilsette i utlandet om fem år. Men vi vil ikkje vere færre tilsette her om fem år av den grunn, påpeiker Smith.

FSN har allereie fått nokre konkrete selskap i kikkerten som kan bidra til vidare vekst. Smith vil ikkje seie kva selskap det er snakk om, men seier dei har fått «eit par» førespurnader.

Alt om Mørenot-salet

– Ikkje vekst gjennom kutt

Mellom dei konkrete tinga som står for døra, er investeringar i IT, utvikling, sal og marknadsføring. Målet er å bygge eit større og meir lønnsamt selskap gjennom vekst.

– Historia viser at våre selskap veks ved «topplinjevekst», ikkje kostnadskutt. Ofte tilsette vi fleire menneske, særleg i starten av eit slikt arbeid vi skal i gang med no, seier Smith.

– Korleis kjenner dokke på arven som ligg i slike familiebedrifter som Mørenot?

– Det kan vere vanskeleg, fordi det er mykje godt arbeid som er gjort gjennom fleire generasjonar. Det er viktig for oss å ta vare på det positive og fine som Mørenot har skapt, og samstundes vil vi gjerne vil gi selskapet meir «energi» til å vekse, seier Smith.