Eksisterande eigarar vil sitte igjen med ein femdel av konsernet:

Trur på børseventyr for Mørenot

Den nye storeigaren i Mørenot meiner børsnotering vil vere eit lukkeleg utfall av satsinga med å bygge ein global aktør av sunnmørsbedrifta.

«Anstendig»: FSN Capital som blir største eigar i Mørenot, legg vekt på å drive forretningar på anstendig vis, påpeiker partnar Ulrik Smith overfor Sunnmørsposten. Samstundes har fondet levert ei avkastning på 28 prosent årleg sidan oppstarten i 1999. Gründer for fondet er Frode Strand-Nielsen og styreleiar er sosialøkonomen Knut N. Kjær, som mellom anna har vore sjef for oljefondet.   Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

Partnar Ulrik Smith frå FSN Capital er i desse dagar i Ålesund for å jobbe med oppkjøpet av tradisjonsrike Mørenot.