Øykonferanse om design

Giske blir staden for ein industridesignkonferanse. Det skjer i Øygardshallen 18. oktober.

KONFERANSE: Det blir designkonferanse på Giske til hausten. 

Næringsliv

Det er Momentium, som saman med ÅKP og NTNU, står bak konferansen der målet er å løfte fram menneska, bedriftene og løysingane som former framtida til eit av dei fremste fagmiljøa i verda.

Konferansen er utvikla i tett dialog med sentrale aktørar som Stokke, Rolls-Royce, Vard, Ulstein, Ekornes, Norwegian Rooms Cluster og Møbelkraft.

Arrangørane minner om at på Sunnmøre har skipsdesign og møbelindustri stått sentralt sidan på starten av 1900-talet.

Då Aftenposten i fjor kåra topp 100 blant norsk design gjennom tidene, tok Stokke sin Tripp Trapp-stol førsteplassen, x-bowen til Ulstein kom på andreplass – medan ostehøvelen tok tredjeplassen.