Dess Aquaculture er eit samarbeid mellom Marine Harvest og Solstad Farstad.

- Til saman er det no skrive kontrakt på seks brønnbåtar, ein innhaustingsbåt og tre servicefartøy. Den første båten blir levert i månadsskiftet april-mai, opplyser Trond Erling Andersen i Dess Aquaculture til Sunnmørsposten.

Dei to nye brønnbåtane får ein kapasitet på 3.500 kubikkmeter, og blir levert frå Tyrkia første halvår 2020. Marine Harvest har inngått sjuårskontrakt for båtane.