To selskap har kjøpt seg inn i hytteprodusenten InStordal. Det eine er Ålesund-baserte Artec, som lagar oppdrettsanlegg.

– Vi såg raskt at InStordal sine hytter løyser våre behov for innlosjering på oppdrettsanlegga vi leverer. Dei som skal jobbe der treng komfort og kviletid med kvalitet. Derfrå var det ei enkel avgjerd å investere i konseptet, som vi meiner har eit stort potensial i både tradisjonelle og utradisjonelle marknader, seier styreleiar Bjørn Finnøy i Artec Holding AS i ei pressemelding.

Den andre som har kjøpt seg inn er husprodusenten Inno-Hus, også dei med eigarar og hovudkontor i Ålesund.

Element i Litauen

– Heretter skal elementa til hyttene bli produsert ved ein fabrikk som Inno-Hus eig i Litauen, seier hyttegründer Steffen Leganger til Sunnmørsposten.

Han understrekar at hovudkontoret framleis skal ligge i Stordal.

Det er eit år sidan InStordal viste fram si aller første hytte og satsa på Sunnmøre som marknad.

– No vil vi utvide marknaden til heile landet, seier Leganger til Sunnmørsposten.