Herøy kommune skal gjennomføre og finansiere vidare utbygging av industriområdet på Eggesbønes, skriv Vestlandsnytt.

Formannskapet i Herøy fekk førelagt ein intensjonsavtale om dette i sitt møte førre veke. Oppdrettsgiganten får overlevert området i ferdig stand etter utbygging. Deretter skal Marine Harvest betale tilbake kommunen sine kostnadar over 15 år via ei årleg festeavgift.

– Denne avtalen gir tryggheit for at dei har til hensikt å vere her, sa Svein Gjelseth (Ap) då saka var oppe til handsaming.

Kommunen har lagt til rette for utbygging av området gjennom økonomiplanen for 2019 0g 2020. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret.