Nettportalen Bazeat.com skal fungere som ein digital basar for kundar og produsentar av lokalmat. Måndag var det lansering i Fosnavåg nyskapingspark med ordførar og andre inviterte gjestar til stades. Dei tre gründerane Børre Waagan, Tor Kristian Stevik og Ali Vindenes Fetouni står bak Bazeat-portalen gjennom selskapet Creeact.

– Vi startar i det små med 12 produsentar på Sunnmøre. Vi ønskjer å gjere jobben skikkeleg med desse først, fortel Børre Waagan til Sunnmørsposten.

Planlegg app

Portalen er no ei nettside som kan nyttast på både pc og mobil, men dei jobbar med å utvikle løysinga til å bli ein applikasjon. På sikt ønskjer dei å utvide tenesta til fleire område, og det er planlagt lansering i Sogn og Fjordane til hausten. På portalen er det ei rekke ulike kategoriar som til dømes fisk, vilt, frukt – og tang og tare. Men det kan også vere andre produkt enn mat.

– Vi tenkjer at tilbodet skal følgje sesongane til produsentane. For tida er det lågsesong for sauekjøt, men no kan dei til dømes ha saueskinn til sals, seier Waagan.

Utfordringar for produsentar

Tilbakemeldingar tyder på at gründerane har treft ei utfordring småprodusentane har slite med: Tilgang til marknaden og nye logistikkløysingar.

– Vi vil også synleggjere potensialet som ligg i lokal matproduksjon og det er mykje å hente for produsentane ved direkte omsetnad. Undersøkingar tyder på at ein treng fem gonger høgre omsetnad om ein skal selje via matvarekjeder, fortel Waagan.

Han trur besøkande turistar også kan vere ei stor kundegruppe.

(saka held fram under)

Formidlingskanal

Tenesta fungerer som ein formidlingskanal for kjøp og sal, der brukarane får kontakt direkte med produsenten. Du må registrere deg for å få moglegheita til å kjøpe varer, men du kan søke opp produsentar og produkt utan å vere registrert.

Per i dag har dei tre ulike måtar å få produktet til forbrukaren: At ein hentar maten sjølv, at ein får sendt maten heim via Bring eller ein kan gjere avtale om at produsenten leverer maten. Lengre fram vil dei utvikle ei løysing inspirert av Uber, der private og profesjonelle sjåførar kan ta oppdrag med utkøyring.