Lokale gründarar med ny nettportal:

No kan du kjøpe mat på nett frå lokale produsentar

Lokale gründarar lanserer ny nettportal der du kan kjøpe mat frå produsentar i ditt nærområde.

Vil vekse: – Namnet er sett saman av orda basar og det engelske «eat», forklarar Børre Waagan om Bazeat-portalen og avslører at dei har internasjonale ambisjonar. På bilde har gründeren sjølv vore på Leikongsætra for å handle egg.   Foto: Creeact

Næringsliv

Nettportalen Bazeat.com skal fungere som ein digital basar for kundar og produsentar av lokalmat. Måndag var det lansering i Fosnavåg nyskapingspark med ordførar og andre inviterte gjestar til stades. Dei tre gründerane Børre Waagan, Tor Kristian Stevik og Ali Vindenes Fetouni står bak Bazeat-portalen gjennom selskapet Creeact.