Selskapet sin norske representant, Jan Melsom, kvir seg for å seie det rett ut, men har vanskeleg for å sjå nokon anna forklaring.

– Fagfolka vi har konsultert meiner det er snakk om skadeverk, seier han.

Bøya til det svenske selskapet ligg no kassert på land på Fiskåholmen. Den skal ha vore historisk ved at i den var først i Norge til å levere straum til det ordinære straumnettet.

Bakgrunn: Lagar straum rett frå havet - ventar på større bølgjer (for abonnentar)

– Ikkje slitasje

Bøya vart teke opp seint i fjor haust fordi det var skade på to av tre fortøyingar. Den gong vart skadane omtalt som «uforklarlege».

– Vi kan sjølvsagt ikkje seie sikkert kva som har skjedd, men brottsflatene var rette som om trossene var skåre over. Det er ei kjensgjerning at det ikkje kan ha skjedd ved slitasje, held han fram.

Dei kan ikkje sjå vekk frå at eit større fartøy har råka borti fortøyingane, men han finn det lite truleg – og seier saka er meldt til politiet. Samstundes ønskjer dei ikkje å mistenkeleggjere lokalmiljøet – der dei kjenner seg godt mottekne.

Lensmann Tor Sæther stadfestar at politiet er orientert om saka, men at det ikkje har vore ei formell melding. Saka har ikkje vore etterforska.

Opna av Kong Harald

Testanlegget for bølgjekraft ved Runde vart opna av Kong Harald i fjor haust og det vart  produksjonen av bøyer ved Fiskåholmen snart skulle starte.

(saka held fram under)

Jobbar med ny bøye

No jobbar Waves4power med å skaffe kapital til ei ny bøye som nyttar tilsvarande prinsipp – men denne gongen i PE-plast, framfor stål som den førre.

– Vi leitar etter norske investorar, men det har vore vanskeleg, erkjenner han og fortel at ei bøye i plast vert rimelegare, og lettare å produsere og transportere enn den 40 tonn tunge stålbøya som no ligg på Fiskåholmen:

– Vi hadde oppdaga svakheiter ved den førre bøya, og den skulle opp av vatnet uansett. Når den nye bøya er ferdig, skal den testas i sjøen ved Runde, seier Melsom.

Stryn-bedrifta Stryvo skal etter planen produsere bøyene på Fiskåholmen. Dagleg leiar Jostein Bø seier til Sunnmørsposten at dei er klare til å sette i gong når finansieringa for den nye prototypen på plass.