Tanberg har sagt opp på Kleven – Fosse overtek

Meir utskifting i Kleven-leiinga.

Tidlegare Rem-direktør: Olav Beinnes Fosse (t.h.) var finansdirektør i Åge Remøy(t.h.) sitt Rem-reiarlag - og ei periode toppsjef - etter at reiarlaget gjekk inn i Solstad. Remøy er no største aksjonær i Kleven, der Fosse no har starta i jobben som finansdirektør. Arkivfoto 

Næringsliv

Finansdirektør Olav Tanberg i Kleven har sagt opp stillinga si. Tidlegare analytikar og Rem-topp, Ola Beinnes Fosse, skal inn i jobben, melder næringslivsavisa Nett.no.

Tanberg er for tida fungerande konserndirektør, fram til Karsten Sævik tek over den stillinga i juni. Fosse er førebels leigd inn som finansdirektør til Sævik kjem på plass.

Fosse er busett i Ulsteinvik og har tidlegare vore finansdirektør i Rem Offshore og analytikar.


Karsten Sævik ny konsernsjef i Kleven:

– Eg kunne godt ha tenkt meg å blitt maskinist

 

Rem-direktør har sagt opp jobben

Ola Beinnes Fosse har sagt opp jobben som fungerande direktør i fusjonerte Rem Offshore.

 

Frå Kleven til Sparebanken Møre:

Ellen Kvalsund blir banksjef i Sparebanken Møre

Kommunikasjonssjefen i Kleven blir ny banksjef for personmarknad i Sparebanken Møre i Ulsteinvik.



Konsernsjefen på veg ut - styret vurderer fleire grep:

Peikar ut ny kurs for Kleven

Samstundes som Kleven jaktar ny konsernsjef, antydar styreleiaren ny kurs.

 

Går mot leiarskifte i Kleven

Konsernsjef Ståle Rasmussen og styret i Kleven er einige om å starte ein prosess for å finne Rasmussen sin etterfølgjar som leiar av skipsbyggingskonsernet.