Larsnes Mekaniske Verksted i Sande har så mykje å gjere at dei har vore nøyd til å takke nei til fleire oppdrag, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Verftet har hatt stor pågang frå fiskarar og fiskeribedrifter som vil byggje nye båtar, men kan ikkje ta på seg alt, opplyser dagleg leiar Jarle Gunnarstein til kanalen. Verftet har fulle ordrebøker ut neste år og fekk eit overskott før skatt på heile 24 millionar kroner i 2016.