Sætre om situasjonen i den maritime næringa:

– Vanskeleg å seie om det er no det snur

Kristian Sætre meiner det blir for enkelt å seie at vinden snur for den maritime næringa no, sjølv om fleire av verfta lukkast med å vinne nye kontraktar.

Acta Auriga: Offshorevindfartøyet Acta Auriga, her då det var under bygging ved Ulstein Verft, var 9. mai på plass på offshorevindmøllefarmen den skal jobbe på. Dette var den tredje båten Ulstein har bygd til offshorevind, og til hausten skal søsterskipet byggast.   Foto: ULSTEIN GROUP

Næringsliv

(Vikebladet) – Det har i ein periode no vore veldig stor kontrahering av mindre passasjerbåtar. Det er eit segment som ligg utanfor den tradisjonelle marknaden til verfta her på Nordvestlandet. Men det aller største volumet i dag ligg akkurat på slik type tonnasje. Noko vi har sett oppblomstringa av berre dei siste åra, seier  seier administrerande direktør ved Ulstein Verft, Kristian Sætre. Han legg til: