Rundt 50 nye tilsette skal på plass ved Ulstein Verft før hausten:

– Veldig gledeleg å tilsetje folk igjen

Til hausten blir det mykje aktivitet ved Ulstein Verft, då skroga til nok eit offshorevindfartøy og verdas største plug-in hybridferje kjem til Ulsteinvik.

Verftsdirektøren Kristian Sætre står her framfor montrane med modellar av skip Ulstein Verft har bygd, i kantina i Ulstein Expo-bygget. Sætre gler seg over at nye fartøy snart skal byggast ved verftet. Det blir nokre permitteringar i produksjonen i ein litt stille periode mellom leveringa av yachten som er under bygging, og fram til prosjekta i haust, men for å ruste opp til større aktivitet til hausten ser Ulstein etter heile 50 nye medarbeidarar. FOTO: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL 

Næringsliv

(Vikebladet) – Vi må vere rusta til ein spennande haust, seier administrerande direktør ved Ulstein Verft, Kristian Sætre.