Det kjem fram i resultatet som vart sendt ut i ei børsmelding onsdag.

Dei fleste tala i kvartalsrapporten er sterkare enn i same periode i fjor. Inntektene enda på 711 millionar kroner, opp med kring 80 millionar frå same kvartal i fjor. Resultat før skatt gjekk også opp og enda på 138 millionar, ei auke på fem millionar frå i fjor.

Les også: Sævik tek ut gevinst etter nytt rekordår for Fjord1

I løpet av kvartalet har selskapet tinga sju nye ferjer – fem av desse ved Havyard-verft og har no heile 22 fartøy i ordreboka som skal leverast innan slutten av 2019. I løpet av kvartalet fekk dei også tildelt drift Nordmørspakka med oppstart frå 2020.

Med 67 fartøy i flåten er Fjord1 no halvparten av den norske ferjemarknaden målt etter personbiltrafikk. Selskapet har levert gode resultat det siste året og børsverdien har stege jamt og trutt sidan i fjor sommar.

Sævik-familien i Herøy er gjennom Havilafjord største eigar i selskapet, som blei notert på Oslo børs i fjor sommar.