Even Remøy i Remøy Management kunne stolt sjå at flaska small i båtsida på «Volt Processor» under skipsdåpen i Ålesund torsdag.

– Her kan vi behandle mot lus både med lunka sjøvatn og med kaldt sjøvatn. Vi kan bytte på metodane for å minske risikoen for at det blir utvikla resistens hos lakselusa, fortel Remøy.

Hos Optimar stadfester dei at dette truleg er første båt som skal bruke kaldtvatn mot lakselus. Dette skal særleg vere effektivt når det er varmt i sjøen. Behandlingssystemet er kalla Optilice 4 XL.

– Så langt vi kjenner til, finst det ingen andre som nyttar tilsvarande metode, seier adm.dir. Håvard Sætre i Optimar til Sunnmørsposten.

– Lusa hoppar av likevel. Den trur kanskje at laksen går i ei elv. Så kan vi berre samle opp lusa i eit filer og destruere den, seier Remøy.

Den 43 meter lange båten er bygd for eit mannskap på 10. Fartøyet er utrusta med dynamisk posisjonering, og vil dermed også kunne brukast med fjernstyrt miniubåt (ROV). Kabellegging er ei av oppgåvene båten kan få.

Båten sorterer under selskapet Volt Service, som er ein del av Remøy Management. Volt Service opplyser at dei har planar om å utvide flåten med fleire fartøy.

Gudmor for fartøyet er Nina Remøy Pettersen. Ho er mannskapssjef i selskapet Remøy Management, som er selskapet som er ansvarleg for drifta av fartøyet. Remøy Management AS driv 10 skip og har hovudkontor i Fosnavåg.