Kleven på jakt etter friske pengar - yachtprosjekt gjekk i vasken

Verftskonsernet Kleven er på jakt etter friske pengar, mindre enn eitt år etter førre redningsaksjon. Samstundes er eit yachtprosjekt kansellert.

Tomt: Investor Petter Stordalen gjekk høgt på bana då han i fjor gjekk inn som medeigar i Kleven-konsernet. No er kassa tom og det vert jobba hardt i kulissane for å skaffe nye finansiering. Kjersti Kleven vil ikkje seie noko om Kleven-familien vil gå inn med meir pengar. Arkivbilde  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Fleire kjelder opplyser til Sunnmørsposten at det har gått føre seg intense forhandlingar om å tilføre Kleven meir pengar den siste tida. Etter det Sunnmørsposten kjenner til, er partane svært nær ein avtale.