Framleis minus og færre tilsette i Olympic

Olympic Subsea i Herøy sine tal for første kvartal viser eit lite pluss på drifta, men eit minusresultat før skatt.

Olympic-skip i opplag. Arkivbilde  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Som forventa vart det eit svakt kvartal med lite aktivitet, konkluderer Olympic i sin kvartalsrapport. Reiarlaget som satsar på subsea og fornybarmarknaden, hadde seks av 18 skip i opplag ved utgangen av kvartalet.

Av inntekter på 98 millionar kroner, enda Olympic opp med eit driftsresultat på fem millionar pluss – men eit underskott før skatt på minus 76 millionar, ifølgje ei børsmelding.

Av rapporten går det også fram at det har blitt 38 færre tilsette sjøfolk i reiarlaget i løpet av kvartalet. Ved utgangen av perioden hadde Olympic  338 tilsette sjøfolk og 35 årsverk i administrasjonen.