Alle dei fire nye skipa til Havila Kystruten skal byggjast ved verft i utlandet, melder Nett.no.

Frå før er det kjent at minst to av dei fire skipa vert bygd ved det spanske Hijos de J. Barreras-verftet. No er det klart at også dei to siste skipa vil gå til eit utanlandsk verft - men det er ikkje kjent hvilket.

–  Interessa for å byggje desse skipa ved norske verft har ikkje vore særleg stor, seier Per Sævik i Havila Kystruten til næringslivsavisa.

Skipa skal ha ein prislapp på kring ein milliard per stykk, men det er ikkje signert endelege kontraktrar, ifølgje Sævik.